PROGRAM 2024
Nordfjord Strikkefestival 26.-28. april 2024
Operahuset Nordfjord er hovudbase for Nordfjord strikkefestival, men som vanleg tek vi heile bygda i bruk med strikkeshopping i sentrum, festivalkveld på Magnifikk og ikkje minst strikketur til Gildra på søndagen.
Denne festivalen er hovudsakleg ei sosial samling for folk med garn og pinnar mellom fingrane. På programmet står mellom anna besøk frå Anne Bårdsgård, Erica Berntsen, Gitte Midtbø m.fl. Vi håper mange tek med seg spøtet og finn vegen til Nordfjordeid desse dagane.
Fredag 26. april
16.30-17.00 Opning utstilling, Alti Nordfjord
Vi opnar utstillinga Fjordane Folkehøgskule si linje for kreativ saum og strikk har sett opp på Alti Nordfjord.
18.00-20.00 Ope festivalkontor, Magnifikk
Utdeling av festivalpass
19.00- Strikkefestivalkveld med Erica Berntsen og restegarnmarknad, Magnifikk
Uhøgtideleg strikkekafe, hyggeleg prat og strikking. Det er mogeleg å kjøpe mat før kjøkenet stenger kl 21.00
Ta med deg restegarn til restegarnmarknaden vår. Her kan du kanskje bytte til deg noko nytt og spennande etter å ha fått restegarnsinspirasjon.
Inkl i festivalpass, 250 kr utan festivalpass
Laurdag 27. april
08.00 – 14.00 Ope festivalkontor, Operahuset Nordfjord
08.30-10.00 Strikkefrukost med Gitte, Eid Miljø
Start dagen med ein eksklusiv frukost i godt selskap og unike omgjevnader. Frukost og overraskingar inkludert. Det er sjølvsagt lov til å strikke.
Gitte Midtbø driv Gardsfargeriet, der ho mellom anna sel plantefarga garn. Gitte blir med på frukosten for å inspirere oss og fortelle om kvifor ho satsa på plantefarging.
Avgrensa tal plassar, 220 kr (ikkje med i festivalpass)
10.00 – 16.00 Strikkeshopping, Nordfjordeid
Velkomen til Strikkeshopping på Nordfjordeid. Ta med deg spøtet ditt og besøk unike butikkar og kafear i den koselege bygda vår. Gode tilbod til dei med festivalpass. Sjekk nettsida for fleire tilbod når festivalen nærmar seg.
På kjøpesenteret Alti Nordfjord finn du utstilling frå elevane på Fjordane Folkehøgskule si linje for kreativ saum og strikk.
11.00-16.00 Strikkemarknad, Operahuset Nordfjord
Det vert marknad for og av strikkarar i Operahuset Nordfjord. Les meir om utstillarane våre her. Det er plass til fleire.
Inkl i festivalpass, 150 kr utan festivalpass
12.00-13.00. Strikk og musikk, Kulturhuset Gamlebanken
Ta deg ein pause med strikketøy og musikalsk påfyll. Olga Pavlova tek med seg gode vener og spelar opp.
Inkl i festivalpass, 150 kr utan festivalpass
15.00-17.00 Strikk til ord, kinosalen Operahuset Nordfjord
Vi vil får inspirerande føredrag frå både Une Cecilie Oksvold og Anne Bårdsgård.
Une Cecilie Oksvold strikkar fargerik turklær i norsk ull. På festivalen fortel ho om det som har inspirert den nye boka Fargerik turstrikk. Anne Bårdsgård har skrive bøkene Selbuvottar og selbustrikk, og inviterer oss inn i denne fantastiske kulturarven i kinosalen i Operahuset.
Inkl i festivalpass, 400 kr utan festivalpass
20.00 Strikkefest hos Eid Miljø,
Laurdag kveld samlast vi til prat og sosialt samvær over strikkepinnane.
Baren er open. 18 års aldersgrense.
Ikkje inkludert i festivalpass. Avgrensa tal plassar. 250 kr inkludert velkomstdrink.
Søndag 28. april
11.00 Strikketur til Gildra
I år tek vi med oss strikkefestivalen ut. Ta med deg spøtet og bli med oss på tur til naturmøteplassen Gildra.Vi tek med oss Une Cecilie Oksvold som skal inspirere oss litt, litt å bite i og kaffikjel. Ta med kopp sjølv!
Turen er ikkje så lang. Du kan lese meir om Gildra her.
Inkl i festivalpass, 200 kr utan festivalpass
Kjøp festivalpass
Festivalpass gir inngang til føredrag og aktivitetar og gode tilbod. Inngang strikkemarknad og alle arrangement (utanom Strikkefrukost og Strikkefest) er inkludert.
30 fyrste som kjøper festivalpass får eigen goodiebag når dei hentar festivalbandet. I tillegg vert det loddtrekninger og overraskingar på fleire av arrangementa.