top of page
IMG_3524.jpeg

PROGRAM 2023

Nordfjord Strikkefestival 1.-2. september

I år vert Operahuset Nordfjord hovudbase for Nordfjord strikkefestival, men som vanleg tek vi heile bygda i bruk med strikkeshopping i sentrum, festivalkveld på Magnifikk og strikketreff mellom reolene hos Eid Miljø. 

 

Denne festivalen er hovudsakleg ei sosial samling for folk med garn og pinnar mellom fingrane. På programmet står mellom anna besøk frå Ingunn Birkeland, Birger Berge og Marte Helgetun. Vi håper mange tek med seg spøtet og finn vegen til Nordfjordeid desse dagane.   

​

Fredag 1. september

 

18.00-20.00    Ope festivalkontor, Magnifikk

Utdeling av festivalpass

 

19.00-             Strikkefestivalkveld med Birger Berge og UFO-bytte, Magnifikk

 

Uhøgtideleg strikkekafe, hyggeleg prat og strikking. Det er mogeleg å kjøpe mat før kjøkenet stenger kl 21.00

Birger Berge er aktuell med den nye boka Nordisk mønsterstrikk. Birger vil fortelle om vegen fram mot den nye boka og inspirasjonen bak dei nye designa. Han vil også fortelle om si strikkehistorie, lidenskapen for strikkinga, og litt om livet som strikkande mann.

​

Ta med ein UFO eller to og del på UFO-torget vårt. Kanskje får nokon andre lyst til å gjere den ferdig, og kanskje finn du noko spennande blant det andre har gått lei av?

 

Inkl i festivalpass, 250 kr utan festivalpass                 

 

Laurdag 12. mars 

​

08.00 – 14.00  Ope festivalkontor, Operahuset Nordfjord 

​

08.30-10.00    Strikkefrukost med Ingvild, Eid Miljø

Start dagen med ein eksklusiv frukost i godt selskap og unike omgjevnader. Frukost og overraskingar inkludert. Det er sjølvsagt lov til å strikke.  

​

Ingvild Rydjord Hansen er sauebonde på Folkestad, driv med rasen grå trøndersau og har sitt eige garn. Ingvild fortel om vegen frå lam til ferdig garn.

 

Avgrensa tal plassar, 200 kr (ikkje med i festivalpass)

​

10.00 – 16.00  Strikkeshopping, Nordfjordeid

Velkomen til Strikkeshopping på Nordfjordeid. Ta med deg spøtet ditt og besøk unike butikkar og kafear i den koselege bygda vår. Gode tilbod til dei med festivalpass. Sjekk nettsida for fleire tilbod når festivalen nærmar seg.

             

11.00-16.00    Strikkemarknad, Operahuset Nordfjord

Det vert marknad for og av strikkarar i Operahuset Nordfjord. Les meir om utsfillarane her år festivalen nærmar seg.

​

Inkl i festivalpass, 100 kr utan festivalpass

 

12.00-13.00.  Strikk og musikk, Kulturhuset Gamlebanken

Ta deg ein pause med strikketøy og musikalsk påfyll. Olga Pavlova tek med seg gode vener og spelar opp.

Inkl i festivalpass, 100 kr utan festivalpass

                        

15.00-17.00    Strikk til ord frå Ingunn og Marte, kinosalen Operahuset Nordfjord

Ingunn Birkeland og Marte Helgetun vil på kvart sitt vis inspirere oss over strikkepinnene i kinosalen i Operahuset. 

​

Ingunn Birkeland er klesdesigner og kjend for fargebruken, ruter og striper. I 2022 gav ho ut boka Ingunn Birkeland strikker. Ho besøkte festivalen digitalt i 2022, og er endeleg på plass fysisk med kofferten full av inspirerande modellar.  

​

Marthe Helgetun starta med blogg i 2010 og er i dag strikkedesigner på heiltid, har fem tilsette og sel både bøker, oppskrifter og eige garn. 

​

Inkl i festivalpass, 350 kr utan festivalpass                 

            

20.00   Strikkefest hos Eid Miljø, 

Laurdag kveld samlast vi til prat og sosialt samvær over strikkepinnane. 

Baren er open.

​

Inkl i festivalpass, 100 kr utan festivalpass

​

Kjøp festivalpass


Festivalpass gir inngang til føredrag og aktivitetar og gode tilbod. Inngang strikkemarknad og alle arrangement (utanom Strikkefrukost) er inkludert.

​

30 fyrste som kjøper festivalpass får eigen goodiebag når dei hentar festivalbandet. I tillegg vert det loddtrekninger og overraskingar på fleire av arrangementa.  

bottom of page